Plantebasert ernæring

Bokanbefaling av Plantebasert ernæring

Visste du at paprika er ei mykje betre kjelde til C-vitamin enn appelsin?
Eller at aprikos er ein bra måte å få i seg ekstra jern i kvardagen?

plantebasert

I den nye boka “Plantebasert ernæring”  av Marte Bergseng og Vigdis Elise Hafsten, får ein mange gode tips til eit bra kosthald. Boka er ein vegetarisk og vegansk helseguide som er utrulig nyttig får dei som stadig må svare på spørsmål om ein får i seg nok av dei viktige næringsstoffa dersom ein ikkje et kjøt eller fisk.

Boka er delt opp i tre delar. I den første delen står det litt om ulike former for vegetarisme + gode tips til korleis ein kan variere maten. Eg har spesielt sansen for avsnittet om ti gunstige matvarer + sju basisrettar for eit sunt kosthald.

For å gi deg vidare inspirasjon, listar eg opp dei sju basisrettane og legg ved linkar til Veggisbloggen sine oppskrifter i dei ulike kategoriane .(Eg har oppskrifter på alt utanom smoothie og graut.)

Suppe
suppe2
Gulrotsuppe med salsa
Paprikasuppe
Blomkålsuppe
Squashsuppe

 

 

Salat

appelsinsalat
Salat med aprikos
Aspargessalat
Mozzarellasalat
Feta- og appelsinsalat

 

 

 

 

Linsegryte

dahl


Dal og chapati

 

 

 


Burger

IMG_3089
Linseburger

 

 

 

 

 

 

Wok 

thaiwok
Thaiwok med kokosmjølk

 

 

 

 

 

 

Smoothie

Graut 

Del to i boka handlar om vitaminar, mineralar og andre næringsstoff. Det er eit nyttig oppslagsverk dersom du lurer på kva du bør ete for å få i deg nok B-vitamin, jod, jern eller kalsium.

Siste del av boka tek for seg ulike matvarer (frukt, grønsaker, nøtter, frø, krydder, samt et par viktig matvarer som linser, kikerter, quinoa, tang og tofu). Også dette er gode oppslagssider som kan fortelje deg kva matvarene er rike på av næringsstoff, kva rettar ein kan bruke det i og kva slags matvarer denne matvara kan erstatte.

Alt i alt er dette ei veldig flott bok for alle veganarar, vegetarianarar og kvasi-vegetarianarar. Det er også ei flott bok for foreldre som har barn som er vegetarianarar. Boka er forresten også bra for folk som et kjøt, men som ønskjer å vite litt meir om korleis dei får i seg meir mat som er bra for kroppen.

Har du denne boka i heimen har du kunnskap om gode råvarer lett tilgjengelig. Kan absolutt anbefalast!

For meir info om “Plantebasert ernæring”, klikk her.

This entry was posted in kokebokanbefaling. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


six − 2 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>