Bulgursalat

Nordmenn er verdsmeistrar til å ete brødskiver, gjerne både til frukost, lunsj og kvelds. Eg er også veldig glad i brødskiver, men kvar gong eg klarer å bytte ut minst eit av brødmåltida, blir eg superfornøgd. Eit herleg og smakfult alternativ er å lage ein lekker salat. Eg har allereie eit par salatar på bloggen, til dømes feta- og appelsinsalaten, og mozzarellasalat med kikerter. Dagens oppskrift er ein bulgursalat med paprika og pinjekjerner.

bulgursalat

1 kopp bulgur
1 1/2 kopp vatn
1 paprika
1/2 squash
fersk persille
1/2 sitron
3 spiseskeier olivenolje
1/2 kopp pinjekjerner
salt
pepar

  • Kok bulgur som anvist på pakken.
  • Skjer opp paprika i små bitar.
  • Skjer squash i tynne skiver.
  • Pensle squash med olje og strø over salt.
  • Bak dei på eit bakepapir i ovnen (200 grader) til dei blir gyldne.
  • Ha alle ingrediensane i ein djup tallerken.
  • Hell over litt olje og sitron.
  • Smak til med salt og pepar.
This entry was posted in salatar and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


5 − two =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>