Carpe Diem-favoritten

Denne oppskrifta var også på den gamle versjonen av Veggisbloggen, men sidan er jobbar med å skifte ut alle bilda, har den ikkje komt med på nye Veggisbloggen før no.

Historia bak retten er som følger:

Då eg var på feltarbeid i McLeod Ganj, India i 2008, hadde vi ein stamkafé. Den heiter Carpe Diem og har den beste vegetariske enchiladaen eg veit om. Etter litt prøving og feiling har eg komt fram til ei oppskrift som minner meg veldig om den dei hadde.

carpediem2

1 lauk

2 fedd kvitlauk

10 sopp

1 teskei chilipulver

1 teskei spisskummen

1 boks raude bønner

1 boks hakka tomatar

1 paprika

olivenolje

6 tortillalefser

2 koppar ost

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer opp grønsaken og steik dei i ei panne med olje.
  • Tilsett bønner, tomatar og krydder.
  • Finn fram ei ildfast form.
  • Legg lefsene side om side som robåtar.
  • Ha i fyllet.
  • Rull dei sammen og strø over ost.
  • La dei stå i ovnen til dei blir gylne (ca. 30 minutt)
  • Servér med salat og rømme.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Carpe Diem-favoritten

  1. Pingback: Linse- og bønneguide | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 5 = two

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>