Chana masala

Chana masala er ein av dei indiske klassikarane. I denne oppskrifta har eg brukt kokosmjølk, slik som eg brukar i den vanlege dalen min med raude linser. Det er nok ikkje vanleg i chana masala i India eller på indiske restaurantar, men det smakar i alle fall kjempegodt!

Dette er den tredje oppskrifta som eg har med i mars-utgåva av magasinet Boligdrøm. Vil du lese meir om Veggisbloggen og interessa for indisk mat, så er det berre å kjøpe bladet innan det blir april. (Boligdrøm har overraskande mykje matstoff.)

chanamasala1

1 lauk

2 fedd kvitlauk

1 rød chili

2 ss ingefær

3 ss rapsolje

1 ts spisskummen

1 ts malt koriander

1 ts paprikapulver

1 ts garam masala

1 ss soyasaus

1 ts sukker

2 bokser kikerter

1 boks hakka tomatar

1 boks kokosmjølk

salt og peppar

  •  Finhakk lauk, kvitlauk og chili.
  • Steik med ingefær i litt olje i 5 minuttar.
  • Tilsett krydder, soya og sukker.
  • Skyll kikertene og tilsett med tomatar og kokosmjølk.
  • La det småkoke i omtrent 30 minuttar.
  • Smak til med salt og peppar.
  • Server med ris, nanbrød og fersk koriander. Nok til 4 personar.
This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Chana masala

  1. Pingback: Den store linse- og bønneguiden | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 − seven =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>