Chia-kjeks

Her ein dag fekk eg lyst på noko småsnacks til kveldsmat. Knekkebrød med ost frista ikkje heilt, og eg hadde ikkje noko spennande på lager. Men eg hadde akkurat kjøpt meg ein pakke med chiafrø. Resultatet vart chia-kjeks. Dei smakar veldig godt heilt nysteikte med blåmuggost på, eller ditt favorittpålegg.

chiakjeks

1 økologisk egg
2 ss chiafrø
100 gram kveitemjøl
1 ts finmalt havsalt
1/2 ts pepar
1/4 ts kayennepepar

 

  • Bland saman det tørre.
  • Visp saman egget med gaffel.
  • Bland inn egget og form ei fast deig.
  • Er den for tørr, ha i litt vatn (ei og ei spiseskei i gongen)
  • Er den for klissete, ha i litt meir mjøl.
  • Dekk deigen med plastfolie og ha den i kjøleskap i minst 30 minuttar.
  • Ta ut deigen. La den ligge på benken i fem minuttar.
  • Sett ovnen på 150 grader.
  • Legg deigen på eit bakepapir.
  • Legg over eit anna bakepapir.
  • Kjevl det flatt så du har ei tynn deig.
  • Bruk pizzaskjerar eller ein skarp kniv til å skjere ut kjeksa. (ca. 50 stk.)
  • Steik kjeksa i ovnen i om lag 12 minuttar.
  • Snu steikebrettet om lag halvvegs i steiketida.
  • Følg med så dei ikkje blir brent.

 

This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 3 = three

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>