Chiligraskar med tofu

Eg er veldig glad i graskar, og eg er veldig glad i tofu. I denne oppskrifta har eg kombinert desse to favorittane. Graskarbitane har eg marinert i olje, chili og timian. Tofubitane er allereie marinert, så dei har plenty med smak. 

graskartofu

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1 stk flaskegraskar (butternut squash)

5 spk olivenolje
1 ts chilipulver
1 ts timian
salt
pepar

190 gram marinert tofu (t.d. champinjong eller Italia av merket Nagel. Kan mellom anna kjøpast på Kinasarvik i Bergen eller på helsekostbutikkar.)
1/2 brokkoli
fersk kruspersille
150 gram bulgur 

  • Ha ovnen på 200 grader.
  • Skjer av skalet på graskaret.
  • Skjer graskaret i små bitar.
  • Bland olje, chili, timian, salt og pepar saman i ei skål.
  • Ha graskarbitane i ei ildfast form. Sørg for at ingen litt oppå kvarandre.
  • Hell oljeblandinga over.
  • Ha graskarbitane i ovnen i om lag 30 minuttar.
  • Rør undervegs.
  • Kok opp bulgur som vist på pakken.
  • Skjer tofuen i bitar.
  • Varm opp ei steikepanne med litt olje.
  • Steik tofubitane.
  • Skjer opp brokkoli.
  • Steik dei saman med tofubitane.
  • Servér det heile saman med rømme eller yoghurt naturell.
  • Strø over fersk kruspersille.
This entry was posted in I panna and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Chiligraskar med tofu

  1. Pingback: Tofu med peanøttsaus | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− three = 6

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>