Chillitomatsuppe

Eg likar vanleg tomatsuppe, men eigentleg likar eg mat som det er litt meir “futt i”. Difor tenkte eg at det var verdt å prøve å pimpe opp den klassiske tomatsuppa med noko hot. Denne suppa kan enten vere heilt vegan, eller ein kan ha på ein klatt rømme på toppen for dei som et mjølkeprodukt.

Gjer hausten litt meir koselig med varmande supper, laga heilt frå botnen av. 

chilitomat1

1 lauk
2 fedd kvitlauk
litt fersk ingefær
2 bokser hakka tomatar
1 pakke blautlagde grøne linser (380 gram)
1 raud chilli
1 boks kokosmjølk
1 ss sukker
1 ss soyasaus
salt
litt olje

  • Kutt opp lauk, kvitlauk og ingefær.
  • Steik det i panna i fem minuttar.
  • Skyll linsene godt i kaldt vatn i ei sil.
  • Bland dette i ei stor gryte saman med resten av ingrediensane.
  • Rør godt saman og la det koke opp.
  • La det koke i ti minuttar og rør undervegs.
  • Hell blandinga i ein foodprosessor så suppa blir jevn.
  • Ha suppa tilbake i gryta og la den koke i fem minuttar.
  • Er suppa for tjukk, tilsett litt vatn.
This entry was posted in supper and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Chillitomatsuppe

  1. Pingback: Linse- og bønneguide | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


seven − = 1

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>