Couscous med kikerter

Couscous er små gryn som er litt grovare enn semulegryn og laga av durumhvete eller hirse. Det er eit veldig godt alternativ til ris. Fordelen her er at couscous tek mykje kortare tid å lage. I denne retten er kikertene, rosinene og kryddera viktige, men dei ulike grønsakene kan variere ein litt på.

couscous2
Til 2 personar:
2 dl couscous

2 fedd kvitlauk
5 cm ingefær
1 brokkoli
1 squash
2 vårløk
1 gulrot
1 teskei spisskummen
1 teskei koriander
1 kopp grønsaksbuljong
2 spiseskeier olivenolje
ein neve rosiner
1 boks kikerter (285 gram)

  • Skjer opp kvitlauk og ingerfær.
  • Steik det i litt olje i eit par minuttar.
  • Skjer opp grønsakene i bitar og bland dei inn.
  • Tilsett krydder og grønsaksbuljong.
  • Ha i kikerter, olje og rosiner.
  • La retten putre i 15-20 minuttar.
  • Kok couscous som vist på pakken.
  • Bland couscousen saman med resten.
  • Smak til med salt og pepar.
This entry was posted in I panna and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ seven = 10

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>