Dal og chapati

Støtt og stadig hender det at eg saknar India. Dette saknet kan eigentleg inntre når som helst, men ofte når eg overhøyrer nokon som snakkar indisk eller når eg set på Bollywood-musikk i heimen. Heldigvis kan eg gjenskape litt av India, også på Storetveit. Då lagar eg mat med plenty spisskummen, gurkemeie og koriander. Ein av favorittane mine er basismaten for millionar av indarar, nemleg dal og chapati.

dahl

Fire porsjonar:
1 lauk
2 fedd kvitlauk
5 cm ingefær
4 stk sopp
1 gulrot
1 1/2 kopp raude linser

1 teskei spisskummen
1 teskei koriander
1 teskei gurkemeie
1 teskei cayennepepper
1/2 teskei kanel
1/2 teskei kardemomme
salt
pepar
1 spiseskei tamari soyasaus
1 boks kokosmjølk
1 boks tomat på boks
3 spiseskeier solsikkeolje
1 kopp grønsaksbuljong

  • Skyll dei raude linsene i kaldt vatn godt slik at alt skummet forsvinn.
  • Legg linsene i kaldt vatn i ein bolle i minst ein time.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær.
  • Surr det i litt solsikkeolje i om lag fem minuttar.
  • Skjer opp sopp og gulrot i små bitar.
  • Tilsett det i steikepanna.
  • Tilsett kryddera.
  • Ha resten av ingrediensane.
  • La retten småkoke i ein halvtimes tid.
  • Tilsett meir vatn og litt meir olje om det blir for tørt.
  • Smak på dalen, og tilsett meir krydder eller salt om det er behov for det.

Chapati:
Å lage chapati krever litt øving. Det er også litt kronglete å forklare korleis ein lagar dei på lettast mogleg måte sjølv om det faktisk ikkje er så vanskeleg. For å gjere det litt enklare, henviser eg til denne gode forklaringa frå about.com. Om du vil kan du sjølvsagt “jukse litt” og kjøpe ferdige chapati på ein innvandrarbutikk. I Bergen har dei frosne chapati på Global Foods som er ferdig i panna på null komma niks. Eit anna alternativ er å servere dahl med ris. Det smakar også herlig.

 

This entry was posted in asiatisk and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 − three =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>