Desembergryte

For ikkje lenge sidan byrja vi å få grønsaker frå Finnegarden på Voss. Det er herleg å få ei korg med økologiske varer heim på døra. No i helga har eg laga ein ny variant av haustgryta som var på den gamle bloggen. (Det er sjølvsagt rom for å bytte ut nokre av grønsakene her.) Retten kan serverast med ris eller couscous, eller eventuelt ferske rundstykker.

gryte

1 lauk
2 fedd kvitlauk
2 gulrøter
1 fennikel
2 poteter
1 søtpotet
100 gram jordskokk eller pastinakk

1/2 teskei chilipulver
1 teskei kanel
1 teskei kayennepepper
1 boks tomatar
1 kopp vatn

1 kvast fersk timian eller kruspersille
1 boks raude bønner
litt olje
litt salt

rømme (valgfritt)

  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Varm opp ei panne med litt olje.
  • Steik lauk og kvitlauk i eit par minutt.
  • Tilsett krydder og rør rundt.
  • Skjer opp grønsakene i ganske små bitar.
  • Tilsett dei i panna.
  • La det steike i fem minutt.
  • Tilsett tomatar og vatn.
  • La alt putre i om lag 35 minutt.
  • Rør undervegs så det ikkje brenn seg.
  • Tilsett timian og bønner når det har gått 30 minutt.
  • Servér med brød, ris, couscous eller et det som det er. 
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ six = 8