Emballasjefritt!

Er du ein av dei som ofte tenker på all emballasjen du kastar i bosset? Kanskje er du fornøgd med deg sjølv at du resirkulerer noko av det. Men tenker du av og til på at du burde gjort noko for å unngå at emballasjen havnar i heimen din i utgangspunktet?

Hausten 2016 har det komt ein ny butikk i Bergen. Den heiter Råvarene. Dette er det ein kallar ein zero waste-butikk. Ein butikk utan der du berre betalar for råvarane. Emballasjen tek du med deg sjølv (eller kjøper glas eller tøyposar når du kjem dit). Vi var innom butikken nyleg med eit par tomme boksar i handa.

ravarene_edited

Det følest utruleg godt å kjøpe noko som ein puttar i ei boks som ein har frå før! Denne gonger blei det linser og bønner, men neste gong skal eg ha mykje anna også :-)

Då eg studerte ved University of Melbourne i 2002 hadde universitetet ein slik butikk, og heilt sidan då har eg eigentleg venta på at noko liknande skulle dukke opp i min heimby.

Eg oppmodar alle som bur i Bergen til å bruke denne butikken. Nyt opplevinga av ein stressfri handel der boksene fyllast med bønner, linser, nøtter, ris, gryn og krydder, medan flasker kan fyllast med olje, honning eller vaskemiddel. Gründerbedrifter som denne må løftast opp og brukast slik at dei ikkje forsvinn. Mange andre gründerar har fått det til i mange andre delar av verda, til dømes i Italia og Tyskland. La oss få det til å lukkast i Bergen også!

Etter at eg var innom Råvarene i Bergen, fekk et lyst til å lære meir om zero waste. Og namnet Bea Johnson dukkar kjapt opp dersom ein orienterer seg i dette terrenget. Ho er ein av verdas største inspiratorar innan zero waste-rørsla.

Ho og familien hennar har tatt dette ganske langt, men eg kjenner at eg blir superinspirert. I dette foredraget fortel ho litt om korleis det er å leve eit liv basert på å vere i staden for å

p.s: Dette er ikkje eit sponsa innlegg, men støtte til eit veldig positivt initiativ. 

This entry was posted in inspirasjon and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 − six =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>