Falafel med feta

Opphaveleg er falafel arabisk mat, men er også veldig populært blant israelarar. Ideen om å ha falafel i pitabrød kjem frå jemenittiske jødiske immigrantar i Israel og gjorde det mykje lettare å ta lage falafel til fast food. No har den herlege kikert-retten blitt vanleg på mange sjapper rundt om i Noreg, men å lage det heime er heller ingen dårleg idé, då kan ein nemleg bestemme akkurat kva som skal vere i dei :-) Eg har brukt feta i staden for hummus i denne varianten, men det er sjølvsagt heilt valgfritt. 

falafel1

250 gram tørka kikerter
1 lauk
2 fedd kvitlauk
2 kvastar vårlauk
1 teskei salt
pepar
1/2 sitron
5 spiseskeier kikert-mjøl
3 spiseskeier solsikkeolje
1 teskei chilipulver
2 spiseskeier fersk koriander
1 teskei spisskummen

  • Legg kikertene i blaut i kaldt vatten over natta.
  • Skyll kikertene godt i ei sil.
  • Kok kikertene i 30 minuttar på middels varme.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk og vårlauk.
  • Bland alle ingrediensane saman (kikert-mjøl til slutt) i ein food prosessor til blandinga er grovmalt.
  • Bruk ein slikkepott til å få ned blandinga frå kantane undervegs.
  • La blandinga stå kaldt i 30 minuttar.
  • Varm opp solsikkeolje eller rapsolje i ei steikepanne på middels varme.
  • Form deigen til små runde ballar med to teskeier.
  • Du treng ikkje frityrsteike dei, berre steike i godt med olje på kvar side.
  • Legg dei ferdige falafelbollane på eit stykke kjøkkenpapir slik at litt av oljen renn av.
  • Server saman med pitabrød, tomat, salat, agurk, feta, lauk, hummus, paprika, aubergine eller andre ting du likar.

 

 

 

This entry was posted in burger and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 + = thirteen

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>