Feta- og appelsinsalat

Salat er super lunsjmat i helgane. I denne salaten har eg blanda både grønsaker, frukt, nøtter og ost, ein veldig spennande og god kombinasjon. Eg har berre brukt olivenolje som dressing, men her kan ein sjølvsagt velge ein annan dressing om ein har lyst til det.

appelsinsalat

appelsin
tørka aprikos

reddikar
fetaost
gulrot
pinjekjerner
feldsalat
olivenolje
pepar

  • Skjer opp appelsin, aprikos og fetaost i små bitar.
  • Skjer reddiken i tynne skiver.
  • Riv gulrot med eit rivjern.
  • Dryss over pinjekjerner.
  • Ha over litt olje.
  • Kvern litt pepar på toppen.
  • Servér med godt brød til.
This entry was posted in salatar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ 5 = seven