Fylt paprika

Paprika er ei herleg grønsak. Den er full av både A- og C-vitamin og faktisk så er det tre gonger så mykje C-vitamin i paprika som i appelsin. Ein har sjølvsagt mange moglegheiter når ein fyller paprikaen, men eg synest at couscous, fetaost, squash og fersk persille er ein flott kombinasjon.

paprika

Til to personar:

2 raude paprika
1 sjalottlauk
1 fedd kvitlauk
1/2 squash
solsikkeolje
2 dl couscous
200 gram fetaost
fersk persille
salt
pepar

  • Skjer opp sjalottlauk kvitlauk og squash.
  • Steik det på middels varme i ei steikepanne med litt olje.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer toppen av paprikaene.
  • Ta ut innmaten.
  • Kok couscous som anvist på pakken.
  • Smuldre opp fetaosten.
  • Bland saman alle ingrediensane i ein bolle.
  • Fyll paprikaene med blandinga.
  • Ha på “paprikalokket”.
  • Steik paprika i ovnen i om lag 15 minuttar.
  • Fordel fyllet som er til overs i i ildfast form og steik det også i ovnen saman med paprikaen.

 

 

 

 

This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , . Bookmark the permalink.

One Response to Fylt paprika

  1. Pingback: Paprika med bønnefyll | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 − eight =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>