Pannekaker smakar veldig godt med sukker og kanel på, men dei smakar også veldig godt til middag med sopp, lauk og spinat. Denne oppskrifta rekk til om lag fem pannekaker.
3 egg
om lag 100 gram kveitemjøl
2,5 dl mjølk
1 ss olivenolje
200 gram fetaost
1 lauk
200 gram fersk spinat
5 sopp
1 teskei oregano
1 teskei majoran
50 gram kvitost
salt
pepar
- Visp saman egg og mjølk.
- Ha mjøl og salt i ein bolle.
- Bland gradvis inn egg- og mjølkeblandinga til du får ei røre utan klumpar.
- Ha i olje.
- Dekk over bollen med plastfolie og sett til side i 20 minuttar.
- Sett ovnen på 180 grader.
- Skjer opp sopp og lauk.
- Steik det i ei panne med litt olje.
- Ha spinaten i ei panne på middels varme.
- La det koke til det fell saman.
- Press ut væska frå spinaten.
- Skjer opp fetaosten.
- Bland saman spinat, lauk, sopp og feta i ein bolle.
- Ha i krydder.
- Steik pannekakene.
- Fyll dei og legg dei i ei ildfast form.
- Strø over kvitost.
- La pannekakene gratinere i ovnen i om lag fem minutar.