Granola med friske bær

Å starte morgonen med ein bolle heimlaga granola med yoghurt og kaffi til, er utan tvil ein god start på dagen. Og det fine med den heimlaga granolaen er at ein kan ha i akkurat dei nøttene og frøa ein likar best. Har ein litt ferske jordbær, bringebær eller blåbær på toppen, blir det ekstra digg!

granola

100 gram mandlar
50 gram hasselnøtter
50 gram graskarkjerner
50 gram valnøtter
50 gram solsikkekjerner
300 gram havregryn

2 godt modne bananar
3 spiseskeier honning
125 gram solsikkeolje 

150 gram tørka aprikos
50 gram rosiner

bringerbær
blåbær

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Bland saman alt det tørre i ein bolle.
  • Mos bananane.
  • Bland saman banan, olje og honning.
  • Bland dette godt inn i alt det tørre.
  • Spre granolaen på bakeplata med bakepapir.
  • Ha granolaen i ovnen i 20 minuttar.
  • Rør rundt kvart femte minutt så det ikkje brenn seg.
  • Avkjøl blandinga før du har den i ei lufttett boks.

granola2

This entry was posted in brød og knekkebrød. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 × = eighteen

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>