Graskar med balsamico

Sjølv om vi nærmar oss desember, er det framleis mogleg å få tak i graskar. I alle fall her i Bergen. Eg har laga ein herleg rett med bakt graskar og søtpotet, to veldig fargerike grønsaker. Dette er god mat å ta med til lunsj, men ein kan også ha det til middag dersom det serverast med ein god grøn salat til. 

GRASKARSPOTET

1 flaskegraskar (butternut squash)
1 søtpotet
olivenolje
1 kartong fetaost

2 dl couscous
1/2 kopp sesamfrø
2 spiseskeier balsamicoeddik

salt
pepar

  • Skrell graskar og søtpotet, og skjer det i små bitar.
  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Dekk ei djup ovnsplate med bakepapir.
  • Ha søtpotet og graskar i ein bolle.
  • Hell over olivenolje og bland rundt.
  • Fordel grønsakene utover plata med bakepapir.
  • Steik dei i om lag 25 minuttar.
  • Rør rundt av og til slik at det ikkje brenn seg.
  • Smuldre fetaosten på toppen når det er fem minuttar igjen.
  • Kok couscous som anvist på pakken.
  • Ha couscous i ein bolle.
  • Ha over grønsaksblandinga, balsamicoeddik og sesamfrø.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× 8 = forty eight

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>