Graskar- og linsestuing

Graskar er ei herleg grønsak som er i sesong akkurat no. Eg likar spesielt godt flaskegraskar. Dei har ein herleg smak og ein passeleg storleik. Linser, bønner og kikerter smakar ypperleg i denne gryteretten. Rett og slett super og varmande haustmat!

bilde (28)

1 lite flaskegraskar
100 gram raude linser
200 gram kikerter
100 gram kvite bønner
100 gram svarte bønner
1 boks hakka tomatar
1 lauk
1 ts kanel
1 ts koriander
1/2 ts kayennepepar
2 ts soyasaus
1 ts sukker
buljongvatn
3 ss olje
salt
pepar

  • Legg linser og bønner i blaut i minst åtte timar.
  • Skyll linsene godt i kaldt vatn.
  • Skrell graskaret og ta ut frøa.
  • Skjer der i små bitar.
  • Skjer lauken.
  • Surr lauk og krydder i litt olje i ei steikepanne i fem minuttar.
  • Ha i graskar, linser og bønner.
  • Fyll på med buljongvatn slik at det dekker alt.
  • Ha i tomat på boks.
  • La det putre i 45 minuttar på middels varme.
  • Rør av og til.
  • Server med ferskt brød til.
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Graskar- og linsestuing

  1. Pingback: Linse- og bønneguide | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


4 + two =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>