Graskarpannekaker

Det finnast allereie ein heil haug med graskaroppskrifter på bloggen, men det er alltid plass til fleire. Desse graskarpannekakene er rett og slett herlege. Skikkelig saftige og fulle av smak. Rømme og avokado passar veldig bra til, men ost eller ulike grønsaker passar også bra.

graskarpannekake2

 

500 gram kokt graskar
1 liten lauk
2 fedd kvitlauk
1 ss rosmarin
1 egg
2 dl mjøl
2 dl mjølk
1 ts bakepulver
1 ts honning
50 gram ost

salt
pepar

  • Ta av skalet og skjer opp graskaret i små bitar.
  • Kok graskaret i vatn til det blir mørt.
  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Steik lauk i ei steikepanne med litt olje.
  • Tilsett kvitlauk og rosmarin etter nokre minutt.
  • La det steike i eit par minutt til.
  • Mos graskaret med ein gaffel.
  • Bland samen mjøl, bakepulver, egg, mjølk, honning.
  • Blamd inn graskar, lauk og kvitlauk.
  • La blandinga stå i ca. ein halvtime.
  • Steik små pannekaker i steikepanna på middels varme.
This entry was posted in I panna and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Graskarpannekaker

  1. Pingback: 10 vegetariske barnefavorittar | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 − four =