Gulrotlinsesuppe

Eg har allereie fleire gulrotsupper på Veggisbloggen, mellom anna gulrotsuppe med graskar, men i dag er det på tide med ei ny. Denne er mettande og god og får ein litt spesiell smak på grunn av dei ovnsbakte grønsakene. Som med mange andre supper og gryterettar kan eg anbefale deg å lage den dagen før. Då får nemleg smakane blanda seg skikkelig, (i tillegg til at du slepp å stresse med matlaginga etter ein lang dag på jobb eller andre aktivitetar).

gulrotsuppe

400 gram gulrøter
1 raudlauk
5 ss olivenolje
salt
pepar

100 gram raude linser
2 fedd kvitlauk
5 cm fersk ingefær
ca. 7 dl grønsaksbuljong
2 dl appelsinjuice

Ein bunt fersk persille
Rømme (valgfritt)

Sett ovnen på 200 grader.
Skrell gulrøter og skjer dei i tynne stavar.
Skjer opp raudlauken  i bitar.
Ha raudlauk og gulrøter i ei skål.
Hell over olivenolje og bland godt saman.
Legg bakepapir på eit bakebrett.
Fordel gulrøter og lauk jevnt over brettet.
Strø på litt salt og pepar.
Ha grønsakene i ovnen i om lag 30 minutt.
Rør av og til.

Skyll linsene godt med kaldt vatn.
Finn fram ei gryte og ha i litt olje.
Skrell og skjer kvitlauk og ingefær i små bitar.
Surr kvitlauk og ingefær i oljen i to minuttar.
Tilsett linsene, dei ovnsbakte grønsakene, grønsaksbuljongen og appelsinjuicen.
La det putre i om lag 20 minuttar.
Smak til med salt og pepar.
Mos retten til ein jevn puré i blenderen. Dersom suppa er for tjukk kan du spe på med litt kokande vatn og blande litt til. Det er også mogleg å bruke stavmiksar.
Servér med brød eller nanbrød, rømme og litt fersk persille på toppen.

This entry was posted in supper and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Gulrotlinsesuppe

  1. Pingback: Linse- og bønneguide | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


seven − = 5

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>