Gulrotsuppe med graskar

Eg har innsett at eg aldri blir lei av supper. Det finnast jo så mange valmoglegheiter!

På bloggen har eg allereie rødbetsuppe, chilitomatsuppe, persille- og soppsuppe og eit knippe andre smakfulle supper. Her kjem ein ny gulrotvariant. Denne er med graskar og chili. Herleg mat for kalde kveldar!

gulrotsuppe

1 lauk
2 fedd kvitlauk
5 cm fersk ingefær
400 gram gulrot
400 gram graskar
50 gram raude linser
1 ts chili
1 ts spisskummen
1/2 ts kanel
2 bokser kokosmjølk
5 dl buljongvatn

salt
pepar

fersk persille eller koriander

  • Skrell gulrøter, lauk og graskar.
  • Skjer opp alle grønsakene i små bitar.
  • Steik lauk i litt olje i ei stor gryte.
  • Tilsett resten av grønsakene og kryddera.
  • Skyll dei raude linsene i ei sil med kaldt vatn.
  • Ha i linsene, kokosmjølka og buljongvatnet.
  • La suppa putre i ca. 25 minuttar.
  • Mos alt med stavmiksar.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Servér godt brød med smør til og fersk persille eller koriander på toppen.
This entry was posted in supper and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− one = 1