Kokosmjølkgulrotsuppe

Eg har allereie to gulrotsuppeoppskrifter på bloggen, men her kjem jammen meg ei til. Den er fyldig og smakfull, men smakar eigentleg ikkje så mykje gulrot. Det er kokosmjølka og kryddera som kjem tydelegast fram her. Kikertene sørger for at suppa mettar godt. 

gulrotkokos1

500 gram gulrøter
1 raudlauk
5 cm fersk ingefær
litt olje

1 teskei garam masala
1 teskei cayennepepar
1 teskei urtesalt
2 teskeier sukker
1 spiseskei sojasaus
1 teskei salt

4 dl kokande vatn
1 boks kokosmjølk
380 gram kikerter frå boks/kartong

  • Skrell gulrøtene og skjer dei i tynne skiver.
  • Skjer lauk og ingefær i små bitar.
  • Steik gulrot, lauk og ingefær på middels varme i panna med litt olje.
  • Tilsett krydder, sojasaus, kikerter og vatn.
  • La det putre i 15 minutt.
  • Bruk stavmiksar til å lage ei jevn blanding. Det skal ikkje vere bitar i suppa.
  • Tilsett kokosmjølka.
  • Kok opp suppa igjen til den blir rykande varm.
  • Servér med god brød med smør på.
This entry was posted in supper and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× six = 48

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>