Gulrotsuppe med salsa

Heimlaga suppe er alltid ein slager. Denne gulrotvarianten er frisk og fresh både fordi det er appelsinjuice i den og fordi den blir servert med salsa og fersk persille. Varme rundstykker med mykje smør på, høyrer også med :-)

suppe1

300 gram gulrøter
200 gram poteter
1 lauk
2 stilkar stangselleri

7 dl grønsaksbuljong
1 ts. kanel
1 ts. koriander
1 spiseskei soyasaus
salt 
pepar
2 dl appelsinjuice
2 spiseskeier rømme

Salsa:
1 avokado
2 tomatar
1 fedd kvitlauk
1 lime

fersk persille
rømme

  • Skjer opp grønsakene i små bitar.
  • Kok dei møre i grønsaksbuljongvatn og krydder. (ca. ti minuttar)
  • Køyr blandinga gjennom ein blender eller ein stavmiksar.
  • Ha suppa tilbake i gryta og tilsett appelsinjuice og soyasaus.
  • Kok opp.
  • Bland inn rømmen.
  • Smak til med salt og pepar.

Salsa:

  • Skjer opp tomatane i små bitar.
  • Skjer opp avokadoen i små bitar og trykk safta av limen over avokadoen.
  • Kutt kvitlauken smått.
  • Bland det saman i ei skål og smak til med salt og pepar.
This entry was posted in supper and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ four = 5