Haustgryte

Utanfor stoveglaset vår blafrar det i dei gule blada. Nede på vegen er sølepyttane store og djupe. Klar for at småføtene skal plaske så høgt dei kan. På kjøkenet er det tid for å lage mat som varmar, gjerne supper, eller gryter med mange grønsaker i! I dag laga eg ei smakfull haustgryte med graskar, grønkål, bønner, valnøtter,chili, koriander, og mykje anna. Den lagar vi definitivt igjen!

haustgryta

 1 lauk
2 fedd kvitlauk
30 gram ingefær
200 gram gulrøtter
700 gram graskar
100 gram grønkål
100 gram valnøtter
1 boks svarte bønner (a 285 gram, f.eks: Go Green)
1 boks raude bønner (a 380 gram, f.eks: Go Eco)
2 bokser hakka tomat (a 295 gram)
2 nevar kruspersille (ein i gryta og ein til pynt etterpå)

1 ts spisskummen
1 ts koriander
1 ts garam masala
1 ts chilipulver
1 ts kanel
2 ss sukker
1 ts salt

rømme (skal retten vere vegan, velg veganrømme)

Servér med ris, pasta eller brød til.

  • Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær.
  • Steik på middels varme i ei stor gryte med litt olje.
  • Skrell gulrot og graskar. Skjer det opp i små bitar.
  • Tilsett det i gryta.
  • Ha i alle krydder og rør rundt.
  • Klipp om grønkålen med ei saks. Kast stilkane.
  • Ha grønkålen og persillen i gryta og rør rundt.
  • Hakk opp valnøttene i små bitar og tilsett dei i gryta.
  • Skyll bønnene og ha dei i.
  • Ha tomat i gryta.
  • La det heile putre i om lag 20 minuttar.
  • Servér med ris, pasta eller brød til.
  • Ha ein dæsj rømme på toppen og litt persille.

 

This entry was posted in gryterettar, Kjeks og kaker and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

2 Responses to Haustgryte

  1. Fiona says:

    Denne har vi laget mange ganger hjemme – knallgod!! En av mine absolutt favoritter.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


eight − = 6

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>