Inspirasjon: Nettfotokurs

Eg brukar vanlegvis å legge ut oppskrifter, kokebokanbefalingar eller blogganbefalingar, men no tenkte eg det var på tide med anna bloggrelatert nytt. Eg er nemleg i gang med eit veldig inspirerande nett-matfoto-kurs på nettstaden The compelling image. I februar deltok på eit kurs i London som du kan lese om her. Det er Meeta K. Wolff som har nettkurset også. 

assignment1

Kort fortalt lærer eg om å ta betre matbilde. Tema som blir tatt opp er grunnleggande fotokunnskap, lys, farge, styling, vinklar, komposisjon og “props”. Eg får ei praktisk oppgåve for kvar veke. Så tek eg bilde, for deretter å få tilbakemelding frå Meeta. Dersom eg har spørsmål underveg, er det berre å sende ein e-post, så svarar ho ganske kjapt.

assignment2

Meeta har skrive litt om kurset på sin eigen flotte blogg What’s for Lunch Honey. Har du ein matblogg, kan eg absolutt anbefale dette nettkurset!

P.s: Bilda på dette blogginnlegget har eg levert til kurset, men oppskrifta ligg allereie på bloggen. Ei herleg paprikasuppe :-)

This entry was posted in inspirasjon. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


4 × = eight