Jordskokksuppe

Jordskokk er ei herleg grønnsak. Den en sunn, og så smakar den nøtteaktig og veldig godt. Det einaste minuset er at den er litt klønete å skrelle, men det får så vere. Her er ei nydeleg suppe, inspirert frå ei oppskrift i kokeboka “Meat Free Monday”. 

jordskokksuppe 500 gram jordskokk 2 store lauk 2 fedd kvitlauk 600 gram grønsaksbuljong salt pepar 1 dl matfløte eller soyafløte 1 ss pesto 4 ss solsikkeolje (2+2) fersk timian Valnøttolje

  • Skrell og skjer opp jordskokk, lauk og kvitlauk i små bitar.
  • Varm 2 ss solsikkeolje i ei gryte.
  • La grønsakene surre på middels varme i om lag 10 minuttar.
  • Rør av og til.
  • Ha i grønsaksbuljongvatnet.
  • Kok opp suppa og la den putre i 20 minuttar.
  • Tilsett fløyte, pesto og resten av oljen.
  • Bruk stavmiksar til å få ei jamn suppe utan bitar.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Server suppa i djupe tallerknar.
  • Hell over 1 ts valnøttolje i kvar tallerken.
  • Drykk fersk timian på toppen.
  • Servér med godt brød til.
This entry was posted in supper and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


4 × eight =