Kokebok: Meat Free Monday

oppskriftmeatfree

Det er lenge sidan eg har anbefalt ei kokebok, så no tenkte eg at det var på tide. I hylla mi har eg nemlig “Meat Free Monday Cookbook”. Den er laga av Paul McCartney og døtrene hans Stella og Mary. Utgangspunktet var sjølve “Meat Free Monday”-kampanjen som dei starta opp før kokeboka kom ut.

Målet med kampanjen er enkelt og tydeleg: Ved å la ein dag i veka vere kjøttfri, kan ein faktisk spare miljøet. Det var særleg FN sin rapport fra 2006 som inspirerte McCartney-familien til å starte denne kampanjen. Den viste mellom anna at heile 18 prosent av dei globale klimagassutsleppa stammar fra matproduksjon basert på dyr. Det er om lag 40 prosent meir enn transportsektoren – bilar, lastebilar, fly, tog og skip – til saman. Sjølv om Meat Free Monday-initiativet hovudsakleg er opptatt av miljøaspektet, så er dei også opptatt av helse og dyrevern. Du kan lese meir om det her.

meatfree

Og så til sjølve kokeboka. Den inneheld oppskrifter på ein frukost, ein lunsj, ein siderett, ein middag og ein dessert kvar mandag heile året. Boka er delt opp i årstider og legg vekt på å bruke råvarene som ein kan få tak i til kvar sesong. Bilda i boka er tatt av Tara Fisher. Dei er veldig fine og inspirerer absolutt til matlaging. Eit minus med boka er at det ikkje er foto av alle rettane. Eg har ein tendens til å gå for oppskriftene som har bilde på seg, og det er jo synd å gå glipp av god mat berre fordi det ikkje er bilde av dei.

Fristar det med oppskrifter som blomkålcurry, graskar-risotto, artisjokksuppe eller kanskje mangolassi, peanøtt- og banancupcake eller fiken og geitost-salat, så er denne kokeboka eit supert valg.

dessertmeatfree

 

This entry was posted in kokebokanbefaling. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ one = 9