Kokebok: Green Kitchen

GreenKitchen1For eit par veker sidan fekk eg ei ny kokebok i posten, bestilt på Amazon. Den er skrive av David Frenkiel og Luise Vindahl som står bak ein av favorittbloggane mine www.greenkitchenstories.com

Kokeboka “The Green Kitchen” er ei nydeleg vegetarkokebok med eit hav av inspirerande bilder. Matinspirasjonen er henta frå heile verda, men dei har også lagt vekt på skandinaviske mattradisjonar som rugbrød, flatbrød og rødgrød med fløde.

GreenKitchen3

Boka er delt inn i seksjonar som frukost, lettare måltid, ta-med-mat, familiemiddagar, drikke og dessertar. Rødbet, eple og geitost-wrap, beet bourguingnon og grilla tomat og kikertsuppe er tre av oppskriftene som eg definitivt vil prøve. Sjokolade- og bringebærbrownie eller hasselnøtt masala-chai høyrest også veldig godt ut.

I starten av boka er det også ei side som heiter “Eight tips on how to give your children a healthy start in life”, som eg har skikkelig sansen for.

Etter min smak kunne det kanskje vore litt fleire middagsoppskrifter, sidan det er middagsinspirasjon eg føler at ein har mest behov for som vegetarianar, men alt i alt er dette ei fabelaktig bok som eg absolutt kan anbefale!

GreenKitchen2

 

 

This entry was posted in kokebokanbefaling and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


five − = 3

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>