Kokos-chili-peanøtt-miks

Rettar med chili og koksmjølk er noko av det beste eg veit. I denne oppskrifta er det mange ingrediensar som ein vanlegvis finn i thai-mat, men i denne oppskrifta er det også peanøttsmør. Resulatet vart supergodt, spesielt med litt sprøe cashewnøtter på toppen (som ikkje kom med før bildet var tatt). Du kan enten servere det med ris eller nanbrød til. 

p.s: Denne oppskrifta er inspirert av oppskrifta i Meatless Monday-kokeboka.

gryt1

2 gulrøter
2 neper
1 søtpotet

2 ss solsikkeolje
2 fedd kvitlauk
1 chili
litt fersk ingefær
1 ts gurkemeie
2 ss peanøttsmør
1 lime

salt
pepar

ei boks kokosmjølk

Ein stor neve cashewnøtter

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer opp kvitlauk, ingefær og chili.
  • Ha det i ei lita gryte med olje, krydder, lime og peanøttsmør.
  • Tilsett kokosmjølka og rør godt.
  • La det putre i fem minuttar.
  • Sett til side.
  • Skjer opp gulrøter, neper og søtpotet i små bitar.
  • Bland grønsakene opp i sausen og la det trekke i fem minuttar.
  • Pensle ei ildfast form med litt olje.
  • Ha i grønsaksblandinga.
  • Dekk til med aluminiumsfolie.
  • La retten stå i ovnen i om lag 25 minuttar.
  • Strø over cashewnøtter.
  • Server med ris, byggris eller nanbrød.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


5 − five =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>