Linseburger

Linseburger er både sunt og utruleg godt. Brukar ein sopp og indiske krydder smakar linseburger ekstra digg. Linseburgerane passar også godt saman med heimlaga potetmos og litt salat.

IMG_3090

2 koppar raude linser, blautlagte
1 lauk
2 gulrøter
2 fedd kvitlauk
5 stk. sjampinjong
1 kopp brødrasp
1 teskei garam masala
1 teskei chilipulver
4 spiseskeier fersk persille
1 spiseskei salt
pepar

3 egg

Hamburgerbrød
Salat
Tomatar
Agurk
Dressing
Lauk

  • Skjer opp lauk, gulrøter, kvitlauk og sopp.
  • Steik grønsaker og sopp i litt olje på ei steikepanne.
  • Tilsett krydder, linser, brødrasp og litt vatn.
  • Rør godt og la det steike i fem minutt.
  • Sett det til sides og avkjøl.
  • Bland inn egga.
  • Form deigen i passelige burgarar.
  • Steik den på panna, ca. 5 minutt på kvar side på middels varme.
  • Skjer opp salaten, varm opp burgerbrøda og klask saman!

 

This entry was posted in burger, I panna and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 − = three