Mangomuffins

Eg er veldig glad i mango. Det har sannsynlegvis litt å gjere med at det minner meg om Ghana og India. To land som eg har veldig mange gode reiseminner frå. I Ghana var eg faktisk på mangoslang! (jamfør epleslang). I India har dei generelt veldig god mango. Oftast havnar den i ein deilig mangolassi eller i ein super fruktsalat. I dag har eg laga ein ny vri, nemleg mangomuffins. Enkelt, men veldig godt :-)

mangomuffins

3 egg
4 ss sukker
2,5 dl mjøl
2 ts bakepulver
2 dl mjølk
4 ss smør
1 mango (bruk litt til pynt)

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Visp saman egg og sukker.
  • Smelt smøret.
  • Ha det i egg- og sukkerblanding.
  • Kutt mangoen i små bitar.
  • Bland inn resten av ingrediensane.
  • Ha deigen i små muffinsformer.
  • Steik muffinsane i om lag 15 minuttar.
  • La dei avkjøle på rist.
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


3 + one =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>