Middagsbollar med fetaost

linsebollarmedfetaDenne veka har vi laga noko skikkelig godt! Oppskrifta er inspirert frå noko eg fann i kokeboka “The Sprouted Kitchen”, men eg har gjort nokre justeringar undervegs. Desse middagsbollane med grøne splitterter er ypperleg middagsmat. Dei passar for eksempel saman med pasta, brokkoli og tzatziki, eller som ein rett på eit tapasbord. Saftige og smakfulle er dei i alle fall :-)greensplitpeas

4 dl grøne splitterter (f.eks. av merket Suma)
6 dl vatn
2 egg
2 dl parmesanost
200 gram fetaost (gjerne den som er marinert i olje og krydder)
2 fedd kvitlauk
2 ss fersk persille
1 ts havsalt
2 dl brødrasp

Skyll splittbønnene godt i kaldt vatn.
La dei koke i ei gryte med vatn i mellom 15 og 20 minuttar.
La bønnene avkjøle seg litt.
Rasp parmesanosten og skjer opp kvitlauken.
Bland saman egg, parmesan, feta, kvitlauk og urter i ein bolle.
Mos linsene med ein stavmiksar.
Bland linsene inn i resten av blandinga.
Tilsett brødraspet.
Sett blandinga i kjøleskapet i ca. 15 minuttar.
Varm opp olje i ei steikepanne på middels varme.
Form små ballar med hendende.
Steik bollane eit par minuttar på kvar side.

This entry was posted in I panna and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× 6 = forty two

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>