Middelhavswrap

middelhavswrap2

Wrap er lettvint og utruleg velsmakande mat. Det fungerer både som ein enkel middag og som ein herleg helgelunsj. Eg har allereie ei wrap-oppskrift på bloggen, men den har heilt andre smakar. I oppskrifta som eg legg ut i dag, har eg latt med inspirere av dei mange gode foccaciaene som vi fekk kjøpt i Australia som utvekslingsstudentar i 2004, berre at eg brukar tortillalefse i staden for. Ovnvsbakte grønsaker har eg også brukt i andre oppskrifter, både i middelhavspaien og i denne oppskrifta her

Til to personar:

1 aubergine
1 squash
1 paprika

4 tacolefser
babyspinat

Til smørepålegget (ein slags hummus):
1 boks kikerter
2 fedd kvitlauk
10 ss olivenolje
salt
pepar
4 ss kesam (valgfritt)

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer squash, aubergine og paprika i tynne skiver.
  • Legg det utover på eit bakepapir.
  • Pensle grønsakene med olivenolje og strø på havsalt.
  • Steik grønsakene til dei blir gyldne. Pass på så dei ikkje blir brent.
  • Kutt opp kvitlauk i små bitar.
  • Bland saman kikerter, kvitlauk, olivenolje, salt, pepar og kesam i ei skål.
  • Mos det med foodprosessor eller handmiksar.
  • Pakk tortillalefsene inn i aluminiumsfolie.
  • Varm dei i ovnen i fem minuttar.
  • Ta ut lefsene.
  • Smør kikert-pålegget utover lefsa ganske tjukt.
  • Legg på grønsakene lagvis.
  • Ha litt babyspinat eller anna salat på toppen.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Rull saman lefsa og skjer den i fire bitar.
This entry was posted in smårettar and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


nine − = 3

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>