Middelshavspai

Ovnsgrilla grønsaker får ein herleg nesten søtleg smak som egnar seg veldig godt i pai. Denne paien funkar bra til middag eller som ein av fleire rettar på eit stort innbydande gjestetapasbord.

grønsakspai

Paideig:
125 gram kaldt smør

175 gram mjøl
ca. 3 ss iskaldt vatn

Fyll:
1 raudlauk
2 paprika
1 aubergine
4 spiseskeier olivenolje
2 spiseskeier timian
125 gram mozzarella
200 gram fetaost
salt
pepar

  • Skjer opp kaldt smør eller margarin i små bitar.
  • Smuldre smøret inn i mjølet.
  • Tilsett vatnet forsiktig.
  • Form deigen til ein ball og dekk med plastfolie.
  • La deigen kvile i minst 20 minuttar i kjøleskapet.
  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Klem deigen ut i ei paiform, prikk med ein gaffel og forsteik paien på 180 grader i ti til femten minuttar.
  • Skjer opp lauk, paprika og aubergine.
  • Bland grønsakene i ein bolle saman med olje, salt, pepar og timian.
  • Bak grønsakene på eit bakepapir i ovnen på 220 grader i ca. 20 minuttar. Rør rundt undervegs.
  • Skjer opp mozzarella og fetaost i bitar.
  • Ha halvparten av grønsaksblandinga i den forsteikte paideigen.
  • Smuldre over fetaosten.
  • Ha så i resten av grønsakene.
  • Strø mozzarellaen på toppen.
  • Steik paien på 180 grader i om lag 30 minuttar.
This entry was posted in pai and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 + seven =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>