Nydeleg nøttesteik

Klassikaren nøttesteik har også blitt ein juleklassikar for meg. Det finnast mange tørre og kjedelige variantar, men denne nøttesteika er både saftig og smakfull. Passar også supert om du skal ha veggisar på besøk til nyttårsmiddagen.

nøttesteik

1 lauk
2 fedd kvitlauk
4 sopp
2 stilkar stangselleri
1 fenikkel
200 gram valnøtter
200 gram pekannøtter
200 gram cashewnøtter
1 kopp grønsaksbuljong
1 kvast fersk timian
1 teskei paprikapulver
100 gram cheddar
1,5 dl raudvin
2 spiseskeier konjakk
2 egg
salt og pepar

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk, stangselleri, fenikkel og sopp og surr det i ei steikepanne med litt olje.
  • Mal nøtter og ost i foodprosessor.
  • Bland nøtter, ost saman med det i panna, samt resten av ingrediensane.
  • Rør rundt og la blandinga stå i 15 minutt.
  • Smør ei brødform og ha alle ingrediansane i.
  • Sett nøttesteiken i ovnen i om lag ein time.
  • Servér med poteter, rødkål og rabbestabbe, eventuelt med heimlaga potetmos og steikte grønsaker (olje, lauk, squash, paprika, salt, pepar)
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


6 × five =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>