Nypotetsalat

Den finnast ein heil haug ulike oppskrifter på potetsalat. Svigerforeldra mine har ein herleg rømmebasert type som eg er veldig glad i, men i dag testa eg ut ein med epleddikk, olivenolje og sennepsfrø. Den ble også supergod! Passar bra til eit gjestebord med mange smårettar, eller som eit innbydande lunsjmåltid.

IMG_2263

500 gram små nypoteter
2 egg
1 vårlauk
1 neve ruccola

3 ss olivenolje
2 ss eplecidereddik
1 ss sennepsfrø
1 ts sukker
salt
pepar

  • Kok egga i om lag 7 minuttar. Dei skal vere nesten hardkokt.
  • Skrubb potetene reine for jord. Du treng ikkje skrelle dei.
  • Kok potetene i 15 minuttar.
  • Skjer opp vårlauk og ruccola i små bitar.
  • Avkjøl egg og poteter.
  • Skrell egga og del dei i bitar.
  • Bland saman olje, eddik, sennepsfrø, sukker, salt og pepar i ei lita skål.
  • Hell dressingen over potetene og bland godt saman.
  • Ha alle ingrediensane i ei skål.
This entry was posted in salatar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


five × 4 =