Olivenbollar

Eg har ei lita jente som har blitt veldig glad i å bake. I den siste tida har ho etterlyst at vi skal bake nokså ofte. I dag tidleg ville ho bake igjen. Då falt valet på desse olivenbollane. Liknande oppskrifter er også omtalt som muffins, men sidan dei ikkje er søte, tenker eg at det er eit litt misvisande begrep. Men gode var dei i alle fall! Særleg med smør og ost på. Digg til lunsj eller som ein del av eit tapasbord.

olivenmuffins

4 dl mjøl
2 ts natron
1 ss rosmarin
1 ts salt
2 dl yoghurt naturell
2 egg
50 gram smør
1 fedd kvitlauk
100 gram kvitost
1 dl oliven

* Sett ovnen på 180 grader.
* Bland saman alt det tørre i ein bolle.
* Smelt smøret i ei gryte.
* Bland inn egg og yoghurt i smøret.
* Skrell kvitlauken og kutt den smått.
* Skjer oliven og kvitost i små bitar.
* Bland alt saman i ein bolle til du har ei litt klissete deig.
* Ha deigen i muffinsformer.
* Steik bollane i om lag 15 minuttar.
* Avkjøl på rist.
* Server ferske med smør og ost på.

This entry was posted in brød og knekkebrød, smårettar and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


9 − = three