Ovnsbakt graskar

Graskar er ei herleg grønsak som eg har brukt i fleire rettar her på Veggisbloggen. I dag laga eg ein super middag inspirert av ei oppskrift i “The Meatfree Monday Cookbook“. Marinaden og fyllet gjer graskaret saftig og smakfullt og med couscous, rømme og cherrytomatar har du eit fullverdig middagsmåtid til to personar.

1

1 flaskegraskar
1 chili
1 fedd kvitlauk
1 ss olivenolje
1 ss timian

100 gram kikerter
30 gram pinjekjerner
1 kartong fetaost

1/2 kopp couscous
10 cherrytomatar

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Del graskaret i to.
  • Skrap ut frøa med ei skei.
  • Skjer små snitt på skalet med ein kniv.
  • Kutt kvitlauk og chili i små bitar.
  • Bland saman olje, chili, kvitlauk og timian i ei skål.
  • Smør marinaden på den sida av graskaret som du har delt i to.
  • Hell restane av marinaden i dei to gropene i graskaret.
  • Legg graskardelane i ovnen og la det bake i 40 minuttar.
  • Bland saman fetaost, kikerter og pinjekjerner.
  • Når dei 40 minuttar har gått, fyller du hola med fetafyllet.
  • Har du litt til overs, legg du det i ei eiga ildfast form.
  • Ha graskaret og den ildfaste forma tilbake i ovnen i 10 minuttar som osten blir gylden.
  • Kok couscous som vist på pakken.
  • Kutt opp tomatar.
  • Server med rømme til.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


eight − 8 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>