Feta-oliven-tomat-pai

Det er på tide med ei ny pai-oppskrift på bloggen. Denne gongen har eg testa ut ein botn med kikertmjøl. Det heiter “gram flour” på engelsk og finnast i innvandrarbutikkane og sikkert velassorterte dagligvarebutikkar også. Dette gjer at botnen er litt sunnare enn vanleg + at den mettar endå meir. Fyllet er skikkelig digg med mellom anna oliven, feta, brokkoli og soltørka tomatar. Server gjerne ein grøn salat til. God middag, lunsj eller når du måtte finne på å ete denne!

paimkiketbotn

Paibotnen: (ps: Du kan også bruke ei vanleg paideig. Oppskrift finn du her.)
200 gram kikertmjøl
200 gram sammalt kveitemjøl
5 ss olivenolje
1 ts salt

Fyllet:
3 egg
1 boks mager kesam
200 gram fetaost
100 gram grøne oliven
50 gram soltørka tomatar
100 gram brokkoli

ein neve fersk basilikum
2 ss tørka oregano
1 ts salt

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Bland saman kveitemjøl, kikertmjøl, olje og salt i ein bolle til deigen blir fast. Den kan godt vere litt klissete, men den skal ikkje vere flytande.
  • Smør paiforma med 1 ss olivenolje.
  • Ha i deigen i paiforma. Glatt utover med ein deigskrape.
  • Steik paibotnen i om lag 10 minuttar.
  • Bland saman egg og kesam i ein bolle.
  • Smuldre i fetaosten.
  • Skjer oliven, tomata, brokkoli og basilikum i små bitar og tilsett deg i resten av fyllet.
  • Ha i oregano og salt og rør rundt.
  • Ha fyllet i paibotnen og steik paien i om lag 25 minutt.
  • Følg godt med undervegs og skru ned temperaturen til 150 grader dersom det ser ut til å vere for mykje varme.
  • Et med det same eller lag paien dagen før og varm den opp igjen rett før servering.

 

This entry was posted in pai and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


nine − = 7