Pai med sopp og basilikum

Eg er veldig glad i pai. Av mange grunnar. Hovudgrunnen er sjølvsagt at det smakar godt, men ein annan grunn er at det er så kjekt å ha klart i kjøleskapet når ein kjem heim frå jobb. Varm opp ovnen, smell det inn i og kutt opp litt salat; og vips er det middag. Det fine med pai er jo også at den nesten smakar betre dagen etter at ein har laga den :-)

soppai1

Til 3-4 personar som hovudrett med salat til. 

125 gram kaldt smør
175 gram mjøl
2 ss iskaldt vatn

Fyll: 
500 gram sopp
1/2 lauk
2 fedd kvitlauk
3 egg
2 dl rømme
100 gram kvitost
fersk basilikum
1 teskei urtesalt
pepar
sesamfrø

  • Skjer opp kaldt smør eller margarin i små bitar.
  • Smuldre smøret inn i mjølet.
  • Tilsett vatnet forsiktig.
  • Form deigen til ein ball og dekk med plastfolie.
  • La deigen kvile i minst 20 minuttar i kjøleskapet.
  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Klem deigen ut i ei paiform, prikk med ein gaffel og forsteik paien i ti til femten minuttar.
  • Steik soppen i litt smør i ei stekepanne på middels til høg varme.
  • Legg soppen i ei skål.
  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Steik det i panna.
  • Bland saman egg, rømme, sopp, lauk og kvitlauk i ein bolle.
  • Kutt opp basilikumen og ha den i.
  • Tilsett urtesalt og pepar.
  • Ha fyllet i paien.
  • Strø eit lag sesamfrø på toppen.
  • Steik paien på 200 grader om lag ein halv time.
  • Sjekk at eggeblandinga har stivna og følg med så ikkje paien blir brent på toppen.
  • Servér med salat til.
This entry was posted in pai and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 1 = seven

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>