Pai med spinat og feta

Spinatpai er faktisk den paien eg likar aller best. Her heime hos oss er den ganske ofte på middagsbordet. Pai smakar forøvrig også veldig godt som lunsj til dømes dagen etter. Skal ein lage eit tapasbord, er også denne paien ein slager. 

spinatpai47

Deigen
250 gram kveitemjøl
100 gram plantemargarin eller Bremykt
ca. 2/3 kopp kaldt vatn

  • Bland mjøl og salt og smuldre smøret.
  • Tilsett vatn elt saman til deigen er smidig.
  • Legg deigen i kjøleskapet i ca. 30 minutt.
  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Kjelv ut deigen og ha den i ei paiform.
  • Prikk i botnen med ein gaffel.
  • Steik botnen i om lag 15 minuttar.

1 pakke fersk spinat
1 pakke fetaost
1 boks mager kesam
3 økologiske egg
oregano
salt
pepar
sesamfrø

  • Ha spinaten i ei gryte på middels varme. La den “synke saman”.
  • Bland saman med egg, kesam og krydder.
  • Smuldre fetaosten og ha den i eggeblandinga.
  • Tilsett spinaten og rør rundt.
  • Ha fyllet i paiforma.
  • Strø over sesamfrø og steik i ca. 30 minutt.
  • Servér gjerne med ein tomatsalat.
This entry was posted in pai and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 − = five