Pakora

No i mars kan du lese om meg og Veggisbloggen min i magasinet Boligdrøm. Ikkje overraskande har eg valt indisk mat som min favoritt, og difor har eg valt ut tre oppskrifter frå denne spennande matnasjonen. Pakora er den første, og i  løpet av mars kjem eg til å legge ut dei to andre oppskriftene også.

Pakora er herleg indisk småmat. Det kan anten vere del av eit tapasbord eller som eit digg kveldsmåltid. Ofte brukar ein å dyppe grønsakene i ei røre av kikertmjøl, men i denne oppskrifta har eg blanda kikertmjølet inn i deigen.

pakora1

5 poteter

1 blomkål

1 lauk

2 fedd kvitlauk

1 ts tørket chili

2 ts karripulver

100 g kikertmjøl

frisk koriander

solsikkeolje

salt

  • Skjer poteter og blomkål i bitar og kok i lettsalta vatn til møre.
  • Mos med stavmiksar. Finhakk lauk og kvitlauk og bland inn med krydder og kikertmjøl.
  • Vend inn koriander.
  • Varm solsikkeolje til frityrsteking.
  • Form massen til små ballar ved hjelp av to spiseskeier og steik i oljen til gylne.
  • La dei renne av seg på kjøkkenpapir.
  • Server varme med yoghurt eller chutney. Nok til 25 stykker.

Tips! Karri er ei indisk krydderblanding som gjerne består av bl.a. gurkemeie, muskat, kanel, koriander og spisskummen. Velg gjerne ei litt meir eksotisk karriblanding, for eksempel Mild Madras Curry Powder, framfor norsk karri når du skal lage indisk mat. Då blir smakane meir autentiske. Kikertmjøl får du i glutenfrihylla på supermarkedet eller i helsekostbutikken.

This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


two × 3 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>