Paneer butter masala

For dei som følger Veggisbloggen er det inga hemmelegheit at eg diggar indisk mat. Førre veke fekk eg æra av å vere med og lage indisk vegetarmat for heile hovudkontoret til Sjømannskirken. Dette er mine fine kollegaer som eg har jobba saman med sidan september. På fredag var det månadens varmlunsj, men også siste dag for kollega Harmeet. Det er ho som står bak oppskrifta, men eg har fått lov til å publisere den her. Det blir ikkje siste gang eg lagar denne nydelege retten!

paneercurry

1 raudlauk
3 fedd kvitlauk
5 cm fersk ingefær
1 paprika

1 ts kasuri methi (dette finn du på innvandrarbutikkar, f.eks Global Food i Bergen).
1 ts garam masala
2 små grønne chilli
1 laurbærblad
1/2 ts chilipulver
tomat på boks (300 gram)
1 ts gurkemeie
1 ts sukker

250 gram paneer (indisk ost)
2 spiseskjeier cashewnøtter
1 spiseske rapsolje
2 dl heilmjølk
2 dl matfløte
2 spiseskeier smør
fersk koriander

  • Kutt cashewnøttene så smått at det blir til eit pulver.
  • Skjer lauk, paprika og grøn chili i små bitar.
  • Steik den i ei steikepanne på lav til middels varme med litt olje til den blir mjuk.
  • Rasp opp kvitlauksfedd og ingefær på et råkostjern.
  • Tilsett laurbærbland, kvitlauk og ingefær i steikepanna.
  • Ha i tomat og blant godt.
  • Ha i chillipulver og cashewmel.
  • Rør godt og tilsett vatn.
  • Ha i grøn chili, salt og sukker og la det putre til retten byrjar å bli tjukk.
  • Ha i mjølk, fløte og paprikabitar.
  • Skjer paneer i kuber.
  • Steik dei på middels varme i ei anna panne til dei blir gyldne.
  • Ha paneeren i gryta med dei andre ingredisensane.
  • Ha i kasuri methi til slutt.
  • Server ris og naanbrød til og dryss fersk koriander på toppen av kvar skål.

lunanaanEg skulle eigentleg ha naanbrødet med på matfotoet, men min vesle hjelpar stakk av med det. Oppskrifta på naanbrød kjem snart på bloggen :-)

 

This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

2 Responses to Paneer butter masala

  1. Linn says:

    Hvor i Bergen får man kjøpt paneer? :)

    • milostephan says:

      Hei Linn!
      Eg har ikkje vore så aktiv på bloggen i det siste, så beklager at svaret ikkje kjem før no. Du kan kjøpe paneer på Global Foods i Bergen, like ved Bystasjonen.
      Mhv
      Mari-Louise

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


nine + = 15