Pannesteikt currytofu

Dette er ei herleg og smakfull middagsoppskrift. Dersom du kokar risen kvelden før, er middagen klar på litt over ti minuttar. I Bergen har dei eit stort utvalg av tofu på Kinsarvik. I andre byar finn ein det ofte i frukt- og grønt-butikkar eller i helsekostbutikkar. 

currytofu

Til to personar:

1 pakke orientalsk Nagel-tofu
250 gram fersk spinat
1 brokkoli
2 kvastar vårlauk

1 kopp jasminris
ein neve cashewnøtter
solsikkeolje
salt 
pepar
3 spiseskeier soyasaus eller tamarisaus

  • Kok risen.
  • Tørk av tofuen med eit kjøkkenpapir.
  • Skjer tofuen i små terningar.
  • Varm ei steikepanne med litt olje på middels varme.
  • Steik tofubitane. Rør godt undervegs.
  • Skjer opp spinat, vårlauk og brokkoli.
  • Varm ei anna panne med olje og steik grønsakene der på middels varme.
  • Ha over soyasaus.
  • Tilsett risen saman med grønsakene.
  • Rør godt undervegs og ha gjerne i litt meir olje om det trengs.
  • Hakk opp cashewnøttene og strø dei på toppen.
  • Smak til med salt og pepar.
This entry was posted in I panna and tagged , , . Bookmark the permalink.

One Response to Pannesteikt currytofu

  1. Pingback: Tofu med peanøttsaus | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


five × 3 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>