Paprika med bønnefyll

Ovnsbakte grønsaker i ulike variantar er ein gjengangar her i heimen. Denne gongen har eg testa ut ein ny variant av fylt paprika. Det finnast allereie ei fylt-paprika-oppskrift på bloggen frå før, men den har couscous- og fetafyll.

I dag går eg for ein meksikansk-inspirert type. Eit triks som eg har lært meg sidan forrige oppskrift er å skjere paprikaen på langs i staden for å skjere av eit lokk på toppen. Det gjer at retten er mykje enklare å spise.

Servér med ris, couscous, bulgur eller quinoa til. Valget er ditt!

paprika

Til fire personar:

4 raude paprika
1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 liten squash
250 gram cherrytomatar
1 boks raude bønner
100 gram cashewnøtter

4 ss solsikkerolje

1 ts koriander
1 ts gurkemeie
1/2 ts kanel
1/2 cayennepepar
salt og pepar

2 egg

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk og squash i små bitar.
  • Steik dette i ei steikepanne i eit par minutt.
  • Skjer opp cherrytomatane i små bitar.
  • Tilsett tomatar, bønner, nøtter og krydder  i panna.
  • La alt surre på middels varme under lokk i 10 minuttar.
  • Skjer paprikaene på langs og ta ut det kvite.
  • Legg paprikahalvdelane på ei steikeplate med bakepapir på.
  • Ha i fyllet.
  • Pisk saman to egg.
  • Hell eggeblandinga forsiktig ned i paprikahalvdelane.
  • Steik paprikaen i ovnen i ca. 20 minuttar.
  • Servér ris, couscous, bulgur eller quiona til.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

3 Responses to Paprika med bønnefyll

  1. Pingback: Linse- og bønneguide | Veggisbloggen

  2. marcus says:

    1 gram cashewnøtter. Er dette riktig? Er jo nesten ingenting.

    • milostephan says:

      Hei Marcus!
      Takk for at du gjorde meg oppmerksom på dette. Rett skal vere: 100 gram.
      Mari-Louise, Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 − = two

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>