Aubergine- og rødbetpasta

Aubergine og rødbet er to grønsaker som eg likar veldig godt. I denne retten har eg ovnsbakt begge og brukt dei som ein del av ein pastasaus. Smakar supert! 

Her er linkar til nokon av dei andre rødbetoppskriftene på bloggen:

Rødbetkokoscurry

Rødbetsalat

Middelhavspai

Pasta med salsa romesco

rbauberginepasta2

 

1 liten lauk
1 stor aubergine
1 stor rødbet
5 stk sopp

olivenolje
salt
1 ss oregano
fersk persille
1 boks hakka tomatar

pastaskruar eller anna pasta

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer opp aubergine i tynne skiver.
  • Legg dei på ei bakeplate med bakepapir.
  • Strø på salt.
  • La det ligge i ti minuttar.
  • Skjer rødbetane i tynne skiver.
  • Skrell av skalet.
  • Ha rødbetane på ei bakeplate med bakepapir.
  • Trykk ut væska frå auberginane.
  • Ha begge bakeplatene inn i ovnen.
  • La det bake til auberginane er gyldne.
  • Kok pastaen som vist på pakken.
  • Skjer opp lauk og sopp.
  • Ha litt olje i ei steikepanne.
  • Tilsett lauk og sopp.
  • La det steike i fem minuttar.
  • Skjær aubergine og rødbet opp i bitar.
  • Tilsett dei i steikepanna.
  • Tilsett tomat og urter.
  • La det putre i fem minuttar.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Servér med pasta og fersk persille.
This entry was posted in pasta and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× nine = 9