Pasta med salsa romesco

pastaromesco

Salsa romesco er ein saus med chilli, paprika og nøtter som opphaveleg kjem frå Catalonia. Eigentleg skal denne mosast, men eg synest den vart veldig god utan å gjere det. Her har eg pasta, grilla aubergine og fetaost som tilbehør: Kjempegodt!

2 dl olivenolje
2 paprika
1 boks hakka tomatar
2 fedd kvitlauk
1/2 fersk chilli
20 hasselnøtter
1 ss vineddik
salt
pepar

1 aubergine
pasta

  • Sett ovnen på 220 grader.
  • Kutt auberginen i små terningar.
  • Strø over salt.
  • Vent i ti minuttar.
  • Tørk av væska som kjem ut med eit tørkepapir.
  • Pensle over med olivenolje og strø på med salt.
  • Ha auberginebitane på ei steikeplate som er dekt av bakepapir.
  • Ha auberginen i ovnen i om lag 25 minuttar.
  • Rør undervegs.
  • Kok pasta.
  • Skjer opp paprika, kvitlauk og chlli i små bitar.
  • Steik det i oljen på middels varme i ei steikepanne.
  • Tilsett opphakka hasselnøtter, tomat, eddik, salt og pepar.
  • La det putre i 10 minuttar.

 

pastaromesco1

This entry was posted in pasta and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


nine × 1 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>