Pasta med tofu

Grilla grønsaker er noko eg har laga ein del gonger før og det finnast allereie ei anna oppskrift på bloggen. Dette er imidlertid ein ny variant, med pasta og røkt tofu som følge. I denne oppskrifta har eg brukt røkt tofu, men her kan ein sjølvsagt bruke andre variantar. Det viktige er at ein vel fast tofu og ikkje silken tofu. Er tofuen utan smak, må den marinerast først.

pastatofugreen

Til to personar:

1 raud paprika
2 gulrøter
1 squash
4 sjalottlauk
2 fedd kvitlauk

4 spiseskeier olivenolje
4 spiseskeier balsamico
2 spiseskeier soyasaus
salt
pepar

250 gram pasta
250 gram tofu

  • Sett ovnen på 220 grader.
  • Skjer opp alle grønsakene i bitar.
  • Ha grønsakene i ein bolle.
  • Bland saman olivenolje, balsamico og soyasaus.
  • Hell blandinga over grønsakene.
  • Bland godt.
  • Ha grønsakene i ei langpanne som er dekt med aluminiumsfolie.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Grill grønsakene i omlag 35 minuttar. Rør to-tre gonger undervegs.
  • Medan grønsakene vert grilla, skjerer du opp tofuen og cherrytomatane i små bitar.
  • Kok opp vatn til pastaen og ha i litt olje og litt salt.
  • Kok pastaen.
  • Steik tofuen i ca. fem minuttar på middels varme.
  • Tilsett cherrytomatane og steik i fem minuttar til.

 

This entry was posted in pasta and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Pasta med tofu

  1. Pingback: 10 barnefavorittar! | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 2 = four

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>