Pasta med tomatsaus

Har du lyst på ein middag som tek 12 minutt å lage? Her er den.

Vi lagar nesten alltid vekemeny i heimen. Det betyr at vi ofte lagar middag kvelden før, eller at vi lagar store porsjonar (lasagne, supper, gryter) slik at vi har mat til fleire dagar. Som eg har skrive mange gonger før sparer det oss for både tid og pengar. 

Men av og til får ein ikkje tid til å planlegge så godt som ein gjerne skulle ha ønska. Då er det greit å ha nokre kjappe middagsalternativ. 

I denne oppskrifta brukar eg faktisk eit glas med tomatsaus. Ideelt sett er det noko ein kan lage sjølv, men akkurat merket Meridian Organic har utruleg gode tomatsausar. Eg kjøper dei på Kinsarvik i Bergen, men dei finnast nok på mange helsekostforretningar og liknande. (nb: Dette er ikkje eit sponsa innlegg for verken sausen eller butikken, berre tips til ein kjapp middag). Når ein kombinerer sausen med til dømes squash, ost og nøtter, blir resultatet ein smakfull og mettande middag på null komma svisj!

tomatsquashpasta

Til to porsjonar:

300 gram fusilli (pastaskruar)
1 ts salt
1 ss olje

1 stor squash
pastasaus med tomat og sopp (Meridian Organic)
50 gram cashewnøtter
50 gram kvitost

  • Kok pastaen som vist på pakken. (For å spare tid kan du koke opp vatn i tekokaren.
  • Skjer opp squash i små bitar.
  • Steik squash i ei steikepanne med olje i tre minuttar.
  • Skjer opp kvitosten.
  • Ha sausen i steikepanna saman med squashen.
  • Tilsett nøtter og kvitost.
  • La det putre i fem minutt.
This entry was posted in pasta and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


four − = 1