Pasta soyanese

I hovudsak likar eg best å lage middag av gode råvarer som grønsaker, bønner og linser, men av og til er det godt å variere med nokon av dei mange soyaprodukta som er tilgjengelege. Eg har fått skikkeleg sansen for det økologiske soyakjøtet som ein mellom anna får kjøpt på Kinsarvik i Bergen. I denne oppskrifta har eg laga ein slags vegetarisk versjon av pasta bolognese. Den er skikkelig mettande og smakfull, og i tillegg tek den berre 20 minuttar å lage! pastasoyanese2 Til 2 personar: 100 gr. økologisk soyakjøt 1 gulrot 1 liten squash 1 løk 5 sopp 2 fedd kvitløk 1 boks tomatar 2 ss oregano 1 ss sukker 2 ss soyasaus Salt og pepar   200 gram spaghetti

  • Kok opp 3 dl vatn.
  • Tilsett grønssaksbuljong.
  • Bland godt.
  • Tilsett soyakjøt.
  • Ta plata av varmen.
  • La det stå i 10 minuttar.
  • Skjer opp grønnsakene i små bitar, steik dei i panna med litt olje.
  • Tilsett soyakjøt, krydder og tomat.
  • La det putre på middels varme i 15 minutt.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Server med spaghetti.
This entry was posted in pasta and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Pasta soyanese

  1. Pingback: 10 barnefavorittar | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


two + 4 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>